Hei, takk for svar. Eg trur dieselpumpa desverre er den som var på motoren opprinneleg, den forrige eigaren har den originale motoren liggande, men den har ligget ute i mange år desverre. Dersom det er feil
regulator, vert kansje motoren for svak under belastning?
Den er svak i dag, og eg er vant med ein svært sterk og seig H7c som er brutalt sterk...
Eg må kansje bytta dieselpumpa og då? Eg tenkte at det kansje berre var slitt motor som gjorde den svak, det er eksoslekkasje frå sylinder 3 opp langs støtstang til ventilen.
Når det gjeld P3 pumpa gav den berre ut 215bar på maks oppskrudd
trykk, eg hadde ein servicemann frå Volvo maskin for å sjekke maskinen. P2 pumpa gav ca 300 bar.
Desverre er det vanskeleg å finne servicefolk som har god nok kompetanse på Åkerman, så det er veldig fint å kunne spørre deg om ting om Åkerman.Eg har hatt ein åkerman H7c i 10 år, har kjørt den ca 1000 timar, det har vore ein veldig god maskin. Den "nye" EC230B kjøpte eg for nokre veker sidan, men det viste seg å vera litt av kvart å ta tak i på den, men den er eit veldig bra utgangspunkt for å få ein kjempeflott maskin, men det ser ut som eg må ha: ny gravdator, få den programmert, ny dieselpumpe, overhale motor, samt ny P3pumpe?
Veit du om noken i norge som har kompetanse og utstyr til å stille inn gravdator og proporsjonalventil?