Hei!
Har hatt eit problem med ein ford 3000 (1974?) heilt siden eg kjøpte den, der olja lek ut frå bakakslinga og inn i bremsetrommelen.
Problemet er jo at det lek forbi den indre simmerringen, men etter fleire forsøk på å skifte den så oppstår problemet igjen etter kort tid.
Kan ikkje forstå kvifor, og er rimelig trygg på at eg gjorde dette rett. Prøvde og å korte inn fjøyra til simmerringen forgje gang, da eg las at det kunne hjelpe.
Lagra virka bra, lite slakk. Akslinga vise ikkje tegn på noko spesiell slitasje.
Einaste eg har merka meg er at det bare er ein shim på høgre sida der det lek, mens det er to shims på venstre sida. Jekka og opp bare den høgre sida da eg skifta simmerringen, skulle kanskje ha jekka opp begge sidene samtidig?
Håpa at det er nokon her som har nokre gode tips til meg, da eg begynne å sjå meg lei av å køyre uten bremser.